Contact event manager
Book your tickets
Familieleir Lyngmo – uke 28
Få plasser
06.07.26 til 11.07.26
July 6, 2026
000000
Familieleir Lyngmo
uke 28
Mandag 6. juli – lørdag 11. juli
Velkommen til familieleir på Vestlandet!
Nærare bestemt leirstaden “Lyngmo ungdomssenter” i Sogn og Fjordane, ei perle som ligg ved Hafslovatnet mellom Sogndal og Luster. Familieleiren på Lyngmo har plass til 150 deltakarar.
Lyngmo har sandvolleyballbane, leikeplass for dei minste, ei lita badestrand og flytebrygge med stupebrett. Innandørs er det både gymsal og eit spelerom med bordtennis, airhockey mm.
På ettermiddagane i leirveka er det høve til mange ulike aktivitetar, som bading, kano/kajakk, sandvolleyball, Lustrabadet, fjellturar, vassleik, turar til Solvorn eller Sogndal. Leirstaden har også eit eige bønerom.

HOVUDLEIARAR:

Jostein og Magni Åm Risa
Bur i Balestrand, har vore gifte sidan 1990 og har 4 vaksne born, der nokre kanskje vert med på leiren. Har vore på familieleir kvar sommar sidan 2008. “Vi gler oss til å møte både gamle og nye leirdeltakarar.”
E-post: magni.am.risa@gmail.com / jostein.risa@gmail.com Mobil: 466 97 476 (Magni)
Talarar:

INNKVARTERING:
På Lyngmo er det plass til 150 personar og det er god standard på romma. Internatdelen har 25 rom med bad. Det er 4-7 sengeplasser på kvart rom. Eit av soveromma har universell utforming (ekstra stort bad). Det er dyner og puter til alle senger. Sengetøy og handklede er ikkje inkludert, men ein kan leige dette på staden når ein kjem.
Lyngmo har i tillegg campingplass (telt, campingvogn eller bubil) og enkle campinghytter som ligg idyllisk til ved vatnet. Alle campinggjester har tilgang til felles sanitæranlegg (2016) i same bygg som internatet. Campinggjestene må ta med puter og dyner/soverposar sjølv.
Velg ynskt overnatting ved påmelding. Meir info på: https://www.lyngmoinfo.com/
PRISER:
Arrangementavgift på 600 kr. pr. deltager (maks. 3000,- pr. familie)
Internatrom inkludert kost:
| Voksen | kr. 3.620,- |
| Ungdom 15-17 år | kr. 3.050,- |
| Barn 8-14 år | kr. 1.950,- |
| Barn 3-7 år | kr. 1.300,- |
| Barn 0-2 år | gratis |
Hytter inkludert kost:
| Voksen | kr. 3.080,- |
| Ungdom 15-17 år | kr. 2.590,- |
| Barn 8-14 år | kr. 1.675,- |
| Barn 3-7 år | kr. 1.110,- |
| Barn 0-2 år | gratis |
Camping inkludert kost:
| Voksen | kr. 2.170,- |
| Ungdom 15-17 år | kr. 1.800,- |
| Barn 8-14 år | kr. 1.450,- |
| Barn 3-7 år | kr. 790,- |
| Barn 0-2 år | gratis |
Påmeldingen er bindende.
Hvis du må melde deg av vil du ikke få refundert de 2000,- som du betaler for å bekrefte plassen.
Ved avmelding de siste 8-14 dager før leirstart, refunderes 50 % av leirbetalingen.
Ved avmelding 7 dager eller færre før leirstart, vil leirbetalingen dessverre ikke refunderes.
