Familieleir

Event details

  • Få plasser
  • 13.07.26 til 18.07.26

    Contact event manager

    1 2 3 4

    Book your tickets

    Choose tickets
    $0
    Bank NameAccount No: 0000 1400 1211IFSC Code: 00001321Branch Address
    Back to details
    Thank you Kindly

    Familieleir Lyngmo – uke 29

    Få plasser

    13.07.26 til 18.07.26
    July 13, 2026

    000000

    Familieleir Lyngmo
    uke 29

    Velkommen til familieleir på Vestlandet!

    Nærare bestemt leirstaden “Lyngmo ungdomssenter” i Sogn og Fjordane, ei perle som ligg ved Hafslovatnet mellom Sogndal og Luster. Familieleiren på Lyngmo har plass til 150 deltakarar.

    Lyngmo har sandvolleyballbane, leikeplass for dei minste, ei lita badestrand og flytebrygge med stupebrett. Innandørs er det både gymsal og eit spelerom med bordtennis, airhockey mm.

    Leirstaden har også eit eige bønerom.

    På ettermiddagane i leirveka er det høve til mange ulike aktivitetar, som bading, kano/kajakk, sandvolleyball, Lustrabadet, fjellturar, vassleik, turar til Solvorn eller Sogndal. Ein populær aktivitet for nokre familiar har vore ein fjelltur til Molden. Du kan lese meir om turen her. Det er og mogleg å stoppe halvvegs med flott utsikt over fjorden.

    Fottur til Molden frå Krossen

    HOVUDLEIARAR:

    Sølvi og Bjarte Urnes var med på si første familieleir i 2003, og ein eld for familiearbeidet vart tent og fekk vere med og starte leir på Vestlandet i 2008, og har med nokre års unntak leia leiren sidan. Dei er 56 og 57 år og har fire barn i alderen 14–33 år. Sølvi og Bjarte er regionleiarar for Familiefokus i Sogn og Fjordane.

    Hovudtalarar:

    Helene og Daniel Sæbjørnsen har fire barn og ventar sitt femte barn i mars 2026. Dei bur i Åsane bydel i Bergen, der dei leier den veksande kyrkja Passion Åsane. Daniel står òg bak dei populære podkastane Bibelen på podkast, Bibelen på eitt år og Liv & Lederskap. Han har gitt ut bøkene Hva er greien med__?, Kjønn, kjærlighet & kids og En bedre historie og er elles ein mykje brukt forkynnar i fleire samanhenger. Helene er fiskeveterinær og arbeider i oppdrettsselskapet MOWI.

    Ellen og Alf Kåre Dalsbø har vore gift i 14 år, har fire barn og bur i Bergen. Alf Kåre er ein av pastorane i Jesusfellesskapet og driv podkasten Kulturkrigen saman med Steinar Lofnes. I tillegg jobbar han som einingsleiar i Hordaland Røde Kors med ansvar for organisasjonsutvikling. Ellen er sjukepleiar, driv ein eigen nettbutikk (www.hjerteblikk.no), samt at ho er med i redaksjonen til kvinnemagasinet JK-magasinet.

    Bodil Gjerland Sæbjørnsen er 63 år og feira 40 års bryllaupsdag saman med Dan denne sommaren. Dei har tre barn og åtte barnebarn. Bodil brenn for å gje Guds rike vidare til neste generasjon og har gitt ut tre barnebøker. Ho er utdanna lærar og har arbeidd i skulen i 40 år, men er no pensjonist. Ho brukar mykje tid saman med kvinner i sjelesorg og samtale, og i forkynning i ulike samanhengar.

    INNKVARTERING:

    På Lyngmo er det plass til 150 personar og det er god standard på romma. Internatdelen har 25 rom med bad. Det er 4-7 sengeplasser på kvart rom. Eit av soveromma har universell utforming (ekstra stort bad). Det er dyner og puter til alle senger. Sengetøy og handklede er ikkje inkludert, men ein kan leige dette på staden når ein kjem.

    Lyngmo har i tillegg campingplass (telt, campingvogn eller bubil) og enkle campinghytter som ligg idyllisk til ved vatnet. Alle campinggjester har tilgang til felles sanitæranlegg (2016) i same bygg som internatet. Campinggjestene må ta med puter og dyner/soverposar sjølv.

    Velg ynskt overnatting ved påmelding. Meir info på: https://www.lyngmoinfo.com/

     

    PRISER:

    Arrangementavgift på 600 kr. pr. deltager (maks. 3000,- pr. familie)

    Internatrom inkludert kost:

    Voksenkr. 3.620,-
    Ungdom 15-17 årkr. 3.050,-
    Barn 8-14 årkr. 1.950,-
    Barn 3-7 årkr. 1.300,-
    Barn 0-2 årgratis

    Hytter inkludert kost:

    Voksenkr. 3.080,-
    Ungdom 15-17 årkr. 2.590,-
    Barn 8-14 årkr. 1.675,-
    Barn 3-7 årkr.  1.110,-
    Barn 0-2 årgratis

    Camping inkludert kost:

    Voksenkr. 2.170,-
    Ungdom 15-17 årkr. 1.800,-
    Barn 8-14 årkr.  1.450,-
    Barn 3-7 årkr.  790,-
    Barn 0-2 årgratis

    Påmeldingen er bindende.

    Hvis du må melde deg av vil du ikke få refundert de 2000,- som du betaler for å bekrefte plassen.

    Ved avmelding de siste 8-14 dager før leirstart, refunderes 50 % av leirbetalingen.

    Ved avmelding 7 dager eller færre før leirstart, vil leirbetalingen dessverre ikke refunderes.